...
EKSPERT: Davic Cid har jobba med anti-terrorisme i over 20 år, og rådar det norske folk til å stadig diskutere balansen mellom tryggleikstiltak og fridom. Foto: Sissel M. Rasmussen

Terrorekspert: «Vis mot»

Korleis eit demokrati reagerer på terror, definerer kva samfunnet blir, meiner terrorekspert David Cid. – Hald fram med å vise mot, for svakheit oppmuntrar terroristar, oppfordrar han.

Anders Hauge-Eltvik
Anders Hauge-Eltvik Profil E-post
Publisert 21.10.2011 kl 09:56 Oppdatert 21.10.2011 kl 10:03

Tips en venn på e-post:

...
OFFER: Dette flagget inneheld navna på alle terroroffer i USA sidan 70-talet, og det er rundt 5000 namn på flagget i dag. Foto: Sissel M. Rasmussen

MIPT:

  • Står for: Memorial Institute for the Prevention of Terrorism.
  • Utdannar polititenestemenn i å hente inn informasjon for å betre rapporteringa av terrorrelatert informasjon. Desse trenar igjen sine kollegaar rundt om i USA.
  • Deltek også forsking på teknologiar, byggjer kunnskapsbasar og deltek i workshops og øvingar.
  • Etablert i år 2000 og får statleg støtte.

I nabobygget til minneparken i Oklahoma City held Minneinstituttet for førebygging av terrorisme til. Sjefen der er David Cid, med 20 års fartstid i FBI som anti-terrorspesialist. Han har følgt med på terroren som ramma Norge i sommar, og han seier det er ei viktig tid Norge no går inn i.

– Måten demokrati reagerer på terror, definerar kva dei vil være i tida framover. Balansen mellom tryggleik og fridom må heile tida justerast. Står ein ovanfor reelle truslar, må vi styrke tryggleiksarbeidet. Det inneber nokre restriksjonar, men eit rasjonelt samfunn aksepterar det, for å forhindre drap på nesten hundre menneske, seier han.

Førebygging

Cid seier terrorangrepet i Oklahoma City berre endra antiterrorarbeidet i USA marginalt. Han seier éin av årsakene var at gjerningspersonane vart tekne ganske raskt.

– Både ved bombinga her, og det fyrste angrepet mot World Trade Center i New York i 1993, vart gjerningspersonane tatt raskt. Det skapte ei kjensle av at ting fungerte bra, trass i at vi hadde mislukkast i å stoppe to alvorlege terroråtak på to år. Det var ikkje noko grundig evalueringa på kva vi hadde gjort og kva vi kunne gjort betre, seier han.

Men etter 11. september endra alt seg. Det kom ei rekkje nye lover, nokre av dei var ifølgje Cid dumme og seinare avskaffa, men andre har vist seg å vere effektive. Og kanskje viktigast: tilnærminga til terror vart endra.

– Vi forsto at alt måtte handle om førebygging. Vi måtte straffeforfølgje annleis, FBI forsto dei måtte gripe inn tidleg i staden for å vente til alle moglege bevis var samla inn. Og etterretning vart veldig viktig. Det er noko med at 3000 menneske vert drepne. Det gjer at du tenkjer klarare, og du frigjer deg frå ein byråkratisk tankemåte og vil berre forhindre det neste åtaket, konkluderar han.

Balanse

Cid er oppteken av dilemmaet antiterrorarbeidet fører med seg. Om fridomen blir for skadelidande oppnår terroristane målet sitt.

– Balansepunktet er kritisk, og vi har denne debatten i USA heile tida. Vi har dei som tykkjer vi har gått for langt, og dei som syns vi ikkje har gått langt nok. Nøkkelspørsmålet er: Korleis ivaretek vi fridomen vi vil ha, og samstundes ivaretek tryggleiken? Om du syns faren er reell, vil du akseptere fleire tryggleikstiltak. Syns du den er overdriven, vil du typisk ikkje vere interessert i fleire tryggleikstiltak. Det er ikkje skurkar på nokon av sidene, berre folk med ulik tolking av det dei ser, seier han.

Terroreksperten meiner dei to bombeangrepa i USA på 90-talet kunne vore stoppe, og han trur det kunne vore signal ved Anders Behring Breivik som kunne ha ført til at nokon såg nærare på han.

– Hadde vi her i USA sett etter signala, kunne vi ha klart å stoppe terroristane. Timothy McVeigh kjøpte store mengder kunstgjødsel for å lage si bombe. I dag ville det fått nokon til å undersøke han. Eg trur det var indikasjonar på problem med han som gjorde dei skremmande ugjerningane i Norge også. Nokon som kjende han må ha sett at det var indikasjonar på at han kunne bli eit problem, seier han.

Mot

Cid konkluderar med at ein vil sjå etter liknande signal i Norge framover. Samstundes forsvarar han tryggleikstenestene, for det er så mange namn og rapportar at det er vanskeleg å sortere ut kven som er ein trussel og kven som er normale borgarar.

– Ser du noko, så sei noko. Om du kjenner nokon som snakkar om vald, valdshandlingar eller skaffar seg våpen; fortel det til nokon slik at nokon kan undersøke kven denne personen er. Det er nøkkelen, meiner han.

For Norge sin del, har Cid nokre råd han vil gje:

– Hald fram med å vise mot. For svakheit er provoserande og oppmuntrar terroristane til å gjere meir. Ver forsiktige med korleis de vektar fridom og tryggleik, og gjer det til ein kontinuerleg dialog. Og send mine kondolansar til dei som miste sine kjære. Det er forferdeleg, berre forferdeleg.


Oklahoma City - 16 år etter bomba

...

...


KONTAKT:

Adresse: Storgata 33. Postadresse:
Postboks 8964 Youngstorget, 0028 Oslo.
Sentralbord: 23 06 33 66
E-post:Aktuell-bladene

REDAKSJON:

Ansvarlig redaktør: Kristian Brustad
Journalist: Morten Hansen
Journalist: Anders Hauge-Eltvik
Web: Heidi Kvalø Engelund

FAGREDAKTØRER:

NTL-magasinet: Anne-Grete Lossius
Posthornet: May Berg
NJF-magasinet: Øystein Bråthen
NFF-magasinet: Yngvil Mortensen
Fagredaktør, nyheter: Nina Hanssen

REDAKTØRANSVAR:

aktuell.no redigeres etter
Redaktørplakaten
Vær Varsom-plakaten
Tekstreklame-plakaten

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.